Jol i Setesdal, 1964

Noko av det ein opplever ved Hornnes landsgymnas


Bibliotek | Latin | Hornnes | Deiger

Hornnes landsgymnas har fleire namn i tillegg til det offisielle. Stundom vert det kalla "geni-anstalten", fordi det vanlegvis blir oppnÄdd gode resultat til examen artium, men namnet elevane sjÞlve nyttar er mindre smigrande. - Det er rett og slett "anstalten". Dette har truleg oppstÄtt fordi gymnasiebygningen mest av alt liknar eit fengsel. Ein gusten, firkanta, raudgul murbygning, som ser utruleg trist ut. At arkitekten har freista seg med nokre krusedullar her og der, og freista Ä fÄ til ein klassisk fasade hjelper lite, sÊrleg nÄr murpussen flagnar bÄde her og der. Men no blir det reparert, sÄ det vil vel hjelpe litt.

Hornnes Landsgymnas

InngangsdÞra er sÄ tung at det er rart ikkje helserÄdet har gripe inn, av omsyn til dei minste og veikaste, og nÄr ein fÞrst er innforbi er det som Ä kome inn i Dovregubbens hall. Det ljomar mellom veggene nÄr prat, lÄtt og trampande fÞter kvar morgon kl. 8 bryt den opphÞgde ro som har kvilt over desse heilage haller, sidan siste urokrÄkene forlet dei ettermiddagen fÞr. Men trass i alle vondorda nÄr det gjeld utsjÄanden, sÄ trur eg alle som har vore elevar ved Hornnes landsgymnas pÄ ein mÄte er glade i den stygge, gode, gamle "anstalten", og atmosfÊren som rÄr der. Det er rart med det, nÄr ein slit pultane i fire Är pÄ same staden, og har sitt arbeidsomrÄde innan det som vert diktert innanfor dei fÞr nemnde fire gustengule veggene, sÄ har ein mange minner nÄr dei fire Ära omsider tek ende.

BÄde gode og mindre gode minne, vonbrot og glede som lÞn for strevet, keisame eller morosame timar, alt etter som ein liker eller missliker faga, og etter som lÊrarane kjem utav det med stoffet og elevane. Det kan vere ein blÄmandag nÄr augene trugar med Ä falle att kvar augenblink, eller i ein pussig episode som fÄr lÄtten til Ä ljome i klassen. Eller kanskje eksamensdagar, nÄr ein sit og sveittar over oppgÄvene, og augo rett som det er tek seg ein tur ut gjennom vindauga til dei hÞge, slanke furutrea og dei vakre bjÞrkene med ein glÞtt av blÄ himmel over. Jo, det er mangt Ä minnast, og ein veks og mognar pÄ.

Den som har kome seg gjennom det nÄlauga som heiter opptakingsprÞve, og dermed er blitt elev ved gymnaset, gjer klokast i Ä spytte i hendene, eller ein skulle kanskje seie, slikke pÄ fingrane, og ta bÞkene fatt. For det er ikkje lite pensum ein skal igjennom pÄ fire Är, og det vert ofte sagt at det er verre Ä kome velberga ut enn det er Ä sleppe inn.

FÞrsteklassingane vert kalla stink, og mÄ som slike tole mye spit frÄ dei hÞgare klassane. Som fylgje av oppnamnet fÄr dei skulda for det meste av vondlukta pÄ og omkring skulen, enten ho stammer frÄ kloakk eller eksperiment i ein kjemitime, og det mÄ alltid luftast godt ut nÄr "stinken" har vore i eit klasserom fÞr andre klassar kan nedlate seg til Ä ta det i bruk. Dessutan mÄ desse stakkarane - som hardast saknar mors kjÞttgryter - vente til sist i matkÞen, for ifylgje tradisjonen har fjerdeklassen rett til Ä forsyne seg fÞrst, og sÄ fylgjer dei andre i tur og orden. Den som freistar Ä lure seg fram, blir fort skyssa attende dit han rettmessig hÞyrer heime. Og ikkje nok med det, rett som det er finn "stinken" ytterkleda bundne saman nÄr dei kjem ut frÄ ein time, og stundom er dei fletta saman til eit fantasifullt taug som heng frÄ Þvste etasje og endar i kjellaren. SÊrleg andreklassingane har moro av slike fantestrek, som hemn for fjordÄret, men dei andre er heller ikkje borte. Alt dette hindrar sjÞlvsagt ikkje at gutane frÄ dei meir "avanserte" klassane ved fÞrste hÞve interessert mÞnstrar jentene blant "stinkdyra", for Ä sjÄ om der er nokon som kjem til Ä friske opp det kvinnelege innslag ved skulen. Som oftast er der ein del som finn nÄde for deira kritiske augo, og desse fÄr gjerne umelde visittar nÄr haustmÞrket gjer det trygt Ä ferdast pÄ "krigsstien". For det stÄr ikkje i skulens teikn alt ein gymnasiast tek seg fÞre. Rundt pÄ hyblane vert det brygga saman litt av kvart, bÄde planar og anna brygg. SjÞlvsagt tek skulearbeidet det meste av tida, men litt fritid og moro unner dei fleste seg likevel. Sume kastar seg over bÞkene straks dei kjem heim frÄ skulen, sÄ har dei kvelden fri. - Andre kviler fÞrst, og tek heller kvelden og natta til bruk, stiver seg opp med kaffe og nikotin, og lever det "ideelle studenterliv". Men om ein nyttar denne eller hin arbeidsmetode, sÄ treng alle Ä slappe av stundom, og more seg saman med kameratar. Moroa artar, eller utartar seg pÄ fleire mÄtar. Mange er aktivt med i foreningslivet pÄ skulen, sÊrleg har det kristne gymnasielaget "Daggry" mange medlemmer. Andre er tilhengarar av hybellag, eller held seg pÄ "biologiske", som ungdomslokalet populÊrt vert kalla. Men ein stad alle samlast er i "Paradis". NÄr vÄren kjem med lange, ljose kveldar fÄr gymnasiastane lopper i blodet, og er det varmt nok og godver, sÄ samlast dei til bÄl og leik.

"Paradis" er ei lita slette pÄ ein knaus som skrÄr bratt ned mot elva der ho renn brei og still forbi, kransa av vikar og sund, med smÄ Þyar og holmar som brot i den vide vassflata. I skyminga vert bÄlet tent, og glade rÞyster, lÄtt og trekkspelmusikk lyder i kveldsstilla. Til ergrelse for sume bygdefolk, kanskje som er redde for Ä fÄ nattesvevnen Þydelagt nÄr den glade skare omsider bryt opp utpÄ morgonsida, - og sjeldan er sÊrleg lÄgmÊlde der dei dreg heim kvar til seg for Ä fÄ nokre timars svevn fÞr neste skuledag. Men for den som er ung og glad er det velsigna Ä fÄ lufte vinteren ut av kroppen, og danse seg gjennom ei kort vÄrnatt frÄ sola gÄr ned, og blÄ skumring kviler over Paradis, til himmelen raudnar over Äsane i aust og varslar ein ny dag. Men med vÄren fylgjer det diverre ogsÄ plager. Det er eksamenstid med der tilhÞyrande leksepugg og eksamensfeber. Er veret fint tek dei fleste seg likevel tid til Ä bade og sole seg, og skulle samvetet minne for hÞgt om at eksamen nÊrmar seg, sÄ dÞyver ein det lett ved Ä ta bÞkene med.

Andre Äret vert klassen delt i engelsk og realline. Jentene held seg gjerne til engelsklina, medan gutane er i stort fleirtal pÄ reallina. Denne delinga fÞrer ei viss rivalisering med seg, men samhaldet er stort sett bra, sjÞlv om det gjerne danner seg klikkar. Dei fleste har to-tre klassefestar om Äret, enten pÄ skulen eller privat, noko som hjelper til Ä sveise klassen fastare samen og betre kameratskapet.

Den tradisjonelle haustfesten i desember er skulens store festdag, og mykje arbeid vert lagt ned for at den skal bli sÄ vellykka som rÄd. Og som oftast er stemninga pÄ topp, bÄde under programavviklinga i mÞtesalen, og ved borda i gymnastikksalen der herrenes, damenes og talen for lÊrarane blir haldne av elevane. Gutane i "stinkklassen" varter opp, og gjer alltid stor lykke, sÞte som dei er i kvite skjorter og med vasskjemt hÄr.

Men nÄr det fÞrste er tale om festing, sÄ er det Ä seie om den saka at det er berre ein gong ein med godt samvet og full velsigning frÄ alle kantar kan slÄ seg verkeleg laus, og det er i russetida. DÄ er den endelege eksamen over, og sjÞlv om ein ikkje veit kva resultatet blir, sÄ har ein gjort sÄ godt ein kunne. GÄr det gale fÄr ein heller syte og angre sidan, for tida frÄ 17. mai og framover skal nyttast til Ä feire fridomen. Fri frÄ skule og lekser, det er mest utruleg for den som har hatt dette Äket pÄ seg i sÄ mange Är. Ofte grip ein seg i Ä tenkje at ein bÞr heim og ta til med lekselesing, men i neste augneblinken kjem ein pÄ at ein er ferdig, og humÞret og feststemninga stig endÄ nokre grader. Det er berre synd at russetida blir sÄ kort, for dei fleste dreg heim like etter 17. mai, og den "rÞde horde" vert spreidd for alle vindar. - Mange vil ein treffe att seinare, men sume ser ein kanskje aldri meir, og fÞrst dÄ forstÄr ein kor mykje moro ein har hatt, og kva kameratskapet har betydd. Det er farvel til hybelen og Hornnesbygda som har vore heimen det meste av desse fire Ära, og det er farvel til skulen og lÊrarane. Dette som ein har sett frem til i alle Är er ikkje fullt sÄ festeleg nÄr det kjem til stykket. Ordet slutt fÞrer alltid noko vemodig med seg, sjÞlv om sentimentalitet ikkje synest Ä vere russens sterkaste side.

NÄr ein sÄ endeleg stÄr med eksamensvitnemÄlet i hende kan det synest lite at eit papirark med nokre bokstavar pÄ er alt ein har som lÞn for fire Ärs arbeid. Men bÄde papirarket og kunnskapane det borgar for, er lette Ä bere, og vil lette vegen ein skal gÄ vidare. EndÄ eg trur dei fleste kjenner det som om dei aldri har kunna mindre.

I og med at eksamen er overstÄtt er eit kapitel i livet avslutta, og eit nytt skal ta til. Den grÞnaste ungdomstida er over, og eg trur at minna frÄ gymnasiedagane pÄ Hornnes for dei aller fleste vil vere ljose og gode.

Av Targjerd "Vesla" Nomeland, f. 1944